Mange vakna til sol frå blå himmel i dag, men allereie til kvelden kan det kome nokre regnbyer.

Meteorologane hjå Yr melder om at det utover kvelden er venta periodar med regn. På kysten kan vinden kome opp i nordaust frisk bris. Temperaturane

I morgon, tysdag, er det meldt om litt regn i ytre strok i morgontimane. Elles pent og varmt vêr. Temperaturane kan krype opp mot 20 grader. Vinden kjem som aust og nordaust bris. På kysten aukande til frisk bris.

Onsdag blir etter det meteorologane melder ein skya dag. På føremiddag kan det kome enkelte byer. Det er venta rolege vindforhold, men frå om kvelden aukande til nordleg frisk bris.

Fram til utgangen av mai kan du sende inn vårstemning til emneknaggen #fjtvår eller på mail til fjt@fjt.no. Instagram-bilda blir vist på fjt.no og nokre av dei kjem også på trykk i papiravisa. Vi trekker ut tre innsendarar som får kvar sitt Fjordenes Tidende-krus.