Ein person er lettare skadd etter å ha blitt knivstukken i eit privat husvære i Vanylven.

Det var søndag morgon at politiet fekk medling om hendinga i Rovde i Vanylven kommune, skriv avisa Synste Møre.

Hendinga skal ha skjedd i eit privat husvære, og den mistenkte personen, som er pågripen, vil ikkje bli framstilt for varetektsfengsling.

– Vi vurderer det slik at vilkåra for varetekt, nemleg at bevis kan bli øydelagt eller at det er overhengande fare for gjentaking, ikkje er til stades. Men eg vil streke under at politiet ser svært alvorleg på saka, seier Hvattum til avisa.