Etter fleire år med underskot, har styret i Coop Vest SA vedteke å legge ned COOP Marked Raudeberg innan 30. september i år.

- Nedlegging er alltid siste utveg, men dessverre finn vi det ikkje lenger forsvarlig å fortsette drifta på Raudeberg, seier Wilhelm Gjertsen, styreleiar i Coop Vest SA.

COOP Vest SA eig og driv 70 butikkar i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre.

- Vi er heile tida nøydde til å sjå på butikkporteføljen vår. Det er alltid beklageleg å måtte legge ned butikkar, men denne butikken har over tid vist at vi ikkje klarer å få til den lønsemda vi treng for å fortsette vidare drift, seier styreleiar Gjertsen.

Han legg til at butikkar som ikkje gir resultat tærer på fellesskapet, noko som på sikt vil kunne ramme andre butikkar i samvirkelaget og der igjen tilbodet til medlemmene i heile samvirkelaget.

Coop Marked Raudeberg har i dag 2,5 årsverk.

Gjertsen seier samvirkelaget vil ivareta dei tilsette sine rettigheiter i samarbeid med butikkpersonalet sine organisasjonar.

I 2007 blei Coop-butikken på Raudeberg kåra til Årets Coop Marked i Norge, i konkurranse med cirka 360 andre butikkar.

Denne butikken hadde då flest fornøgde kundar.