Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 1. november.

- Det er all grunn til å ta vegsikring på alvor

Det er eit skrikande behov for vedlikehald og sikring av norske vegar. Det gjeld både kommunale, fylkeskommunale og riksvegar. Norge, som er eit av dei rikaste landa i verda, har mange stadar den dårlegaste vegstandarden i Europa.

I mange fattige kommunar blir vedlikehald, oppgradering og sikring av vegane salderingspost opp mot andre oppgåver som politikarane skal løyse. Då blir det å vente i det lengste til det står så ille til at kommunen er tvinga til å gjere noko. Det same er situasjonen på fylkesvegar og riksvegar.

I Davik og Ålfoten er fleire forundra over at Statens vegvesen sine prioriteringar. Dei har sett opp 70 meter betongrekkverk ved kyrkja der det er flat mark, medan det er lange strekningar på den smale og svingete vegen mellom Isane og Rugsund der det er stup rett i fjorden nesten utan vern. Her er det ikkje gjort noko. Skjer det ei ulukke på ei slik strekning, at ein bil eller ein buss hamnar i fjorden, vil det få katastrofale følgjer. Er det slik Statens vegvesen prioriterer, så er det lett å forstå at folk blir frustrerte.

Dette er dessverre ikkje unikt for Bremanger. Mange stadar er det dessverre slik. Det er berre så vidt støypekanten stikk opp av asfalten. Slik var det i svingen på Røyrvikneset der ein bil med to ungdommar i ein bil hamna i sjøen og mista livet for snart eitt år sidan.

Norsk Transportarbeiderforbund har gått gjennom alle rapportane til havarikommisjonen siste åra. Det avdekker at dårleg vegstandard er årsaka til dobbelt så mange ulukker som det dårlege førarar er.

Det er all grunn til å ta dette med vegsikring på alvor.