– Eg sat i bilen og var på veg til å køyre heimanfrå. Plutseleg såg eg det som likna på ei eldkule eller ein gnist frå leidningsstolpen, og så byrja det å brenne. Det første eg gjorde var å ringe politiet, fortel Frantzen, som sjølv bur på Øvre Tennebø.

Etter å ha ringt politiet fortel 72-åringen at han, etter oppmoding frå politiet, gjekk rundt og varsla dei andre naboane.

– Då eg først såg dette, vurderte eg om eg skulle ta brannsløkkaren og reise opp, men så tenkte eg på at det var høgspent, så eg turde ikkje. Like etter dukka brannvesenet opp, forklarar Frantzen.

Han fortel vidare at han opplevde at det tok ei stund før det tok ordentleg fyr i terrenget.

– Det tok ei lita stund før det tok skikkeleg fyr. Akkurat no står eg og ser på brannen ved Måløy Stormarked, og eg ser røyk og flammar. Dette kan gå langt eller det kan stoppe, det er vanskeleg å seie.