Russen ved Måløy vidaregåande skule sette rekord ved å samle inn 120.000 kroner til «Kraft­tak mot kreft».

– Det har ald­ri vore sam­la inn så mykje pen­gar un­der «Kraft­tak mot kreft» her. Vi er nes­ten litt i sjokk over at vi har klart å sam­le inn så mykje pen­gar, for­tel Hen­ri­et­te Bar­men, som er ak­sjons­lei­ar for rus­sen ved Mål­øy vi­da­re­gå­an­de sku­le.

Aksjonaleiaren er rørt over innsatsen til medelevar og alle som har bidrege til aksjonen.

– All rus­sen har gjort ein vel­dig god jobb. Det vart ein gans­ke spe­si­ell tur i ban­ken i dag og det var nesten litt skummelt å gje frå seg så mykje pengar, seier Barmen.

– Målet vårt var jo å slå fjoråret, men også sjølvsagt å samle inn så mykje pengar som mogleg og det føler eg vi har klart, seier ein stolt aksjonsleiar.

Pen­ga­ne frå inn­sam­lings­ak­sjo­nen «Kraft­tak mot kreft», skal gå til per­so­nar som ik­kje blir fris­ke frå kreft­di­ag­no­sen sin og deira på­rø­ran­de.

– Mange var klar over at vi skul­le kome og ven­ta på oss. Eg møt­te ber­re smi­lan­de folk som gjer­ne vil­le bi­dra på mi rute. Kreft er nok eit tema som fleire kan re­la­te­re seg til. Vi mer­ka det på rus­sen også at det­te er ein ak­sjon som en­ga­sje­rer, for­tel Bar­men.

Russen gjekk frå hus til hus mellom klokka 17 og 20. Trass i at dei hadde planlagt aksjonen godt, rakk dei ikkje over alle.

– Vi gjorde så godt vi kunne, men vi måtte ha ein frist for innlevering av bøssene, forklarar Barmen.