Eventyraren Ragnar Torseth, med sterke røter til Måløy og Vågsøy, harplanar om å kopiere roturen over Nordsjøen til Shetland, skriv Sunnmørsposten.

Torseth var 21 år då han i 1969 la ut frå Måløy i ein femten fots openrobåt for å gjere det som ingen trudde var muleg, å ro til Shetland.

No har 66-åringen som bur i Herøy i Møre og Romsdal lagt seg i trening,og planen er å legge ut frå Bulandet i juni i ein Bjørkedals-båt.

– Eghar kalla dette eit seniorprosjekt. Både på grunn av min eigen alder ogutgangspunkt, og ikkje minst ti år eldre Jacob Helset, som er ein fantastiskflink båtbyggjar - og dessverre ein av dei siste i sitt slag, seier Torsethtil Sunnmørsposten.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende