Lag og organisasjonar fekk måndag presentert tilboda ved Nordfjord sjukehus. Dei frammøtte ser lyst på framtida til sjukehuset.

– Det var mykje som vart sagt om framtida til sjukehuset då det var på det verste, men det har blitt fantastisk. Eg er sikker på at sjukehuset vil utvikle seg vidare og få nye ting tilført, seier Marit Lefdal i Eid pensjonistlag, som var ei av dei som møtte fram for å vere med på den første markeringa av sjukehuset sitt 80-årsjubileum.

– Eg var redd for tilbodet til dei fødande, då fødeavdelinga forsvann. No viser det seg at dei får eit veldig godt tilbod her gjennom God start-eininga, seier Tordis Bakke, som er leiar i Saniteten på Davik.

For Margunn Ervik, som er leiar i Bryggja pensjonistlag er tilbod som eldre nyttar seg av svært viktig.

– Hud og auge tilbodet har blitt veldig bra. Sjukehuset kan vere ein stolt 80-åring, seier ho.

Klar for framtida

Det var stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus, Tone Holvik, som la fram statusrapporten.

– Sjukehuset er no ein institusjon som er rigga for framtida. Vi har sett på befolkninga i Nordfjord og kva behov dei har for spesialhelseteneste, og forsøkt å sy i hop tilboda kring det, seier Holvik.

– Vi er avhengige av å bygge opp tillit slik at innbyggarane har tru på at ein kan få gode teneste på sjukehuset og psykiatrisenteret. Ein skal kjenne at det er trygt og at ein får hjelp når ein treng det.

Tilbod i nærleiken

I prosessen med å lage framtidas lokalsjukehus har leiinga sett på kva tilbod det er viktig å tilby nær pasientane. Holvik er godt nøgd med utvidingane i det polikliniske-tilbodet.

Trass i at ein har utvida desse tenestene skulle Holvik ønske at ein hadde eit betre tilbod innanfor revmatologi og nevrologi.

– Det er små område der det er vanskeleg å få spesialistar. Men vi skulle hatt meir tilbod lokalt. Dette er ei vurdering ein må ta basert på kva ressursar ein har tilgjengeleg.