Eit einstemmig formannskap i Bremanger innførte i går eigedomsskatt på bustader og fritidshus. Men det treng ikkje vare så lenge. For Høgre-ordføraren i Terra-kommunen lovar å fjerne den igjen så fort han berre kan.

Ordførar Audun Åge Røys sitt eige parti Høgre er eit av dei som har programfesta at dei er imot eigedomsskatt, og ordføraren medgir at det ikkje var med lett hjarte han stemte ja til skatten.

- Nei, det sat langt inne. Men det er for å få budsjetttet for neste år i hop at vi ser oss nøydde til å gjere dette grepet, seier han.

- Om den økonomiske situasjonen betrar seg, til dømes om de no vinn fram mot Danske Bank i høgsterett i februar, vil de fjerne skatten igjen?

- Det vil eg tru, ja, at vi gjer ved neste korsveg. Om det går vår veg, vil vi fjerne eigedomsskatten så fort vi kan, seier Røys.

- Er det noko du kan love?

- Det kan eg love, det er heilt sikkert, seier ordføraren, som er ganske sikker på at dei andre partia er einige.

- Utan å kunne seie det heilt sikkert, trur eg ingen parti i Bremanger er for eigedomsskatt. Og det er i alle fall sterk motstand i dei største partia.

Håpar på utsetting

Røys håpar no dei får dei tre ekstra åra dei har søkt Fylkesmannen om på å dekke inn det akkumulerte underskotet etter Terra-saka og det bokførte tapet etter dei svært volatile derivatavtalane.

Ved utgangen av 2015 reknar rådmann Tom Joensen med at det akkumulerte underskotet er på cirka 93 millionar kroner (redusert frå 230 opphavleg) medan det bokførte tapet etter derivatavtalene er på vel 80 millionar kroner.

- Vi ser at vi ikkje klarer å dekke dette inn til 2018, når millionane frå derivatavtalene kom i tillegg, seier Røys, som ikkje veit når dei får tilbalemelding frå Fylkesmannen på om ei utsetting går gjennom.

Strammar endå meir inn

I Bremanger må ein derfor planlegge for det verste scenariet, og for å finne pengar til både drift, dekking av Terra-underskot og bokførte tap må dei stramme inn ytterlegare på drifta. Det blir kkje lagt opp til store kutt nokon stader, men heller instrammingar og effektivisering mange stader.

- Klarer ein å effektivisere ytterlegare?

- Vi er hardt pressa, men eg trur det er moglegheiter.

- Men er det meir å hente med eit allereie slitent mannskap?

- Eg trur det. Vi driv allereie veldig effektiv, og vi har ein dyktig rådmann, dyktige leiarar i einingane og ikkje minst eit dyktige tilsette som står på. Men det blir tøft, og det er klart folk er slitne, sieier Røys, som likevel ser lyspunkt i kvardagen.

- Vi har mellom anna eit nytt omsorgssentet i Svelgen som snart er ferdig. Det vil nok absolutt betre arbeidsforholda for mange.

Endeleg budsjett for 2016 skal vedtakast i kommunestyremøtet torsdag 17. desember.