I 2015 vart pakkeforløp innført i kreftbehandlinga ved norske sjukehus. Pakkeforløp skal gje pasienten ein føreseieleg behandlingsgang, utan ugrunna opphald.

Målet er at minst 70 prosent av pasientane skal inngå i slike forløp, noko Helse Førde oppfyller med god margin, skriv dei i ei pressemelding.

Pakkeforløp inneber at kreftpasienten skal oppleve ei utgreiing og behandling som ikkje dreg ut i tid av ikkje-medisinske årsaker.

Innan standard pakkeforløp var pasientar som fekk kirurgisk behandling 84 prosent og for pasientar som fekk medikamentell behandling var delen 74 prosent.

– For ein del pasientar kan det vere medisinske grunnar til at forløpet bør vere kortare eller lenger enn dei tidene som er oppgjevne i det nasjonale standard pakkeforløpet. Dermed vil det aldri vere noko mål at absolutt alle kreftpasientar skal inn i slike standard forløp, skriv helseføretaket i pressemeldinga.