Amalie Midthjell (17) frå Ålfoten må stå på «sidelinja» medan klassevenninnene frå Eid kan stemme til haustens val.

Måndag kokte det med partipreik og usikre ungdommar då alle fylkesparti og lokalpolitikarar stilte til valtorg og debatt på Eid vidaregåande skule.

Eid er ein av tjue kommunar i landet som er tatt ut som forsøkskommune med nedsett stemmerettsalder til 16 år ved haustens kommunestyreval. Men Amalie Midthjell frå Ålfoten må sjå langt etter det å sjølv få stemme.

Surt

– Det er surt for min del, for alle 16- og 17-åringar burde få stemme, synast ho. I politikken er ho mest opptatt av at kommunegrensene bør vere slik dei er i dag.

– For Bremanger sin del trur eg det vil få konsekvensar om ein vert slått saman med andre kommunar. I bygda der eg kjem ifrå er vi allereie lite prioritert i vår eiga kommune, og eg trur ei samanslåing vil få store konsekvensar på sikt, seier Midthjell.

Også venninna Susann Sørland Barlla (17) frå Eid får stemme i år for fyrste gong og er opptatt av at alle ungdommar bør få stemme.

– Klart eg skal. Det er blitt meir populært blant ungdom å vere opptatt av politikk, og vere interessert i kva som skjer rundt om i bygda. For min del er det viktig med ein god skule, seier ho. Begge ser for seg at dei ein gong i framtida kanskje sjølve vert politikarar.

Spent

Stein Inge Torheim er både elev, ungdomspolitikar og leiar for Eid Senterungdom. Han står på 10.-plass ved kommunevalet, og karakteriserer det som ein «vippeplass».

– Det blir spennande å sjå om eg kjem inn. Ungdom stemmer gjerne på ungdom, og her er mange som kjem med gode spørsmål. Senterpartiet er opptatt av ungdom, og vi har ti senterungdommar på lista vår i Eid, seier han.

Etter valtorget i aulaen der politikarane møtte ungdommen, var det duka for debatt inne i operasalen.

«Latterleg», «tåkefyrstens største disippel», «x og y og full pakke», «teoretisk mannskit», «som ei helsesyster som spreiar klamydia», var berre nokre av utsegna som fall under debatten då skule, klima og samferdsel var tema.