Det er framleis ei gåte for politiet kven som sette fyr på Sør-Vågsøy kirke natt til laurdag 4. juli.

Politiet gjennomførte sist veke opp mot 30 avhøyr og ventar svar på undersøkingar av fingermerke på tennvæskeflaskene som blei funne på åstaden.

- Vi har ikkje gjort fleire avhøyr, seier etterforskingsleiar Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor.

Han fortel vidare at dei jobbar med saka.

- No driv vi systematisk etterforsking der vi går gjennom det vi har, i tillegg til ein del innhenting av opplysningar, seier Bakke.

Politiet ber folk om å komme med tips.

- Vi er framleis interessert i tips, rykter eller kva det måtte vere. Alt er av interesse, seier Bakke.