Staten lukkast i å gjennomføre ei forskriftsendring for Sørdalen naturreservat rett før ankesaka om 420 kV-kraftlinja kom opp. Det betyr at sjølv om grunneigarane vann på alle punkt i retten, så kjem linja likevel.

Borgarting lagmannsrett konkluderer med at Miljøverndepartementet sitt dispensasjonsvedtak av 29. mai 2013 var ugyldig. Staten hadde ikkje lov til å legge 420 kV-linja gjennom Sørdalen naturreservat i Bremanger.

- Grunneigarane vann ein fullstendig siger, men fordi staten dagar før rettssaka lukkast i å gjennomføre ei forskriftsendring for reservatet, klarer ein likevel ikkje gjennom denne saka å stoppe bygginga av linja, seier Myklebust grunneigarlag sin advokat Magne Revheim til Fjordenes Tidende.

Han meiner at staten innsåg at saka var tapt for dei, og dermed fekk stort hastverk med å gjennomføre forskriftsendringa fredagen før ankesaka starta tysdag 10. februar.

Denne endringa kunne ein ha gjennomført frå første stund, meiner lagmannsretten, som kallar forskriftsendringa eit "middel" for å kome rundt utfordringane som hadde oppstått for dei i denne saka.

Lagmannsretten hamna altså på motsett avgjerd enn Oslo tingrett. Den gongen vart Miljøverndepartementet frifunne med argumentasjonen om at forsyningstryggleiken til landet måtte prioriterast.

Borgarting lagmannsrett meiner kraftstituasjonen ikkje var så akutt at ein måtte haste gjennom ein dispensasjon. Dei finn det også merkeleg at Olje- og energidepartementet meinte det var rett å velje ein trasé som både var dyrare og mindre samlokalisert med andre linjer.

-Ei eventuell forsieinking i framdrifta ut over dette ville uansett vore avgrensa til ei heilt normal sakshandsamingstid dersom OED gjekk tilbake til den konsesjonsgjevne traseen gjennom Førdedalen, skriv lagdommar Vincent Galtung i dommen.

Borgarting lagmannsrett konkluderer også med at Miljøverndepartementet må betale grunneigarane 1,5 millionar kroner i sakskostnader.