– Fantastisk gledeleg! Vi har verdas beste råstoff, og vi har som mål å produsere verdas beste marinerte og krydra sild. Dette resultatet viser at vi er på rett veg, seier fabrikksjef Per Røys ved Pelagia i Kalvåg.

I haust har produksjonen gått for fullt på sildefabrikken i Kalvåg. Fiskebåtane har nærast stått i kø for å levere sild, og dei tilsette har jobba dag og natt for å få den ferdig bearbeida silda ut på marknaden.

– Det har vore tidenes haust for oss. På tre-fire månader har vi produsert 60.000 tønner med marinert sild og brisling. Vi har aldri produsert så mykje bearbeida sild på så kort tid som vi har gjort i haust. Vi har flinke folk som får til dette. Og kvaliteten på produktet er på topp. Ei svensk avis har samanlikna sild frå seks produsentar, og silda vår var den klart beste, seier Røys.

Juleansjos

Tidlegare har 25–30 prosent av silda blitt bearbeida, resten har gått til frys. Men fordi Pelagia vil bli sterkare på halvfabrikata, blir no 80 prosent av silda bearbeida, og berre 20 prosent går til frys. Det gjer at ein større del av produksjonen i haust har blitt lagt på tønner, og i mangel på lagringslokale har dei blå tønnene med ferdig sild blitt lagra på ulike stadar på Kalvøya i Kalvåg, før dei blir frakta vidare med trailerar.

I haust har Pelagia Kalvåg utvida produksjonen, igjen. Nytt av året er at dei har produsert juleansjos på brisling frå den engelske kanal. 2.600 tønner med juleansjos vart det, og det blir truleg meir neste år.

– Brislingen har svært god kvalitet, og tilbakemeldingane frå kundane er svært gode, så dette er noko vi vil prøve å til meir av. Vi får inn verdas beste råstoff, og målsettinga vår er å bli verdas beste på bearbeida sild og brisling. Det er lite igjen av brislingfisket i Sognefjorden og Hardangerfjorden, så vi må sjå på alternativ for kvar vi kan få sild frå.

Pelagia Kalvåg er ferdige med årets produksjon, no går det trailer med trailer med sild ut i verda, i første omgang til Orkla/Abba i Sverige, der silda blir fylt over på glas. Men alt 4. januar er det full aktivitet igjen på Kalvøya. Då skal fabrikken gjennom ei stor ombygging, som mellom anna vil føre til at det kan produserast 200 tønner med sild i timen. Ombygginga skal vere ferdig til 15. mai.

– Det var hektisk her før jul, men det blir minst like hektisk etter jul. Det er spennande tider, seier fabrikksjef Per Røys.