Måløy Glassmagasin feirar 80 år med butikk i sentrum. Dagleg leiar, Amund Gotteberg, har framleis tru på framtida i Gate 1.

– Det har vore ei utvikling i handlemønsteret og folk brukar sentrum i mindre grad som møteplass. Men eg trur gata kjem sterkare tilbake. Det har vore mykje fokus på kjøpesenter, og den konkurransen vil ein ha, men eg trur byshopping kjem tilbake som ein trend, fortel Gotteberg, som legg til at omsetnaden har halde seg stabil, trass i at dei merkar konkurranse frå ulike hald.

Laga nettbutikk

For å halde på kundane og for å utvikle seg vidare oppretta butikken, saman med leikebutikken i underetasjen og parfymeriet, som ligg i same lokale som glasmagasinet, ein nettbutikk for om lag tre år sidan.

Dette har ifølge Gotteberg vore eit godt supplement til butikken i sentrum.

– Det vanskeleg å skilje ut kor stor del av omsetnaden nettbutikken står for sidan den er felles for leikebutikken og parfymeriet, men ein stad mellom 10 og 15 prosent av omsetnaden vår kjem frå netthandel, seier han, og legg til:

– Det som er ekstra kjekt er at dei som nyttar nettbutikken er kundar vi elles ikkje hadde fått. Dei lokale kundane nyttar butikken, og det er vi glade for.

Det var Gotteberg sin bestefar som starta butikken i 1936. Dei fyrste åra var butikken stasjonert ulike stadar i Måløy, men i 1960 flytta Måløy Glassmagasin inn i dagens lokale.

Nye trendar

Gotteberg er tredje generasjons butikkdrivar, og han ser at trendane forandrar seg.

– For vår del merkar vi at det er viktig å få med seg dei korte trendane. No til dags varar trendane kortare og servise og dyre vinglas har blitt mindre populært. Folk har blitt meir opptekne av interiør og vil gjerne kjøpe det som er trendy no. Folk samlar ikkje lenger og kjøper gjerne litt billegare varer, som dei bytar ut oftare, forklarar Gotteberg, og legg til:

Vil framleis stå åleine

Måløy Glassmagasin står utan kjedesamarbeid på glasmagasindelen av firmaet. Bedrifta trivst med den handlefridomen det gir sentrumsbutikken.

– Vi står utan kjede i dag og det er eit bevisst val frå vår side. Vi var tilknytt ei kjede i rundt 30 år, men dette gjorde at vi vart meir og meir bundne med omsyn til kva varer vi skulle ta inn og vi mista ein stor del av fridomen vår. Dette var den viktigaste grunnen til at vi valte å stå for oss sjølv, forklarar Amund Gotteberg.

– Vi sakna marknadsføringa vi fekk ved å vere del av kjeda, men samstundes kjende vi på at kjedene var tilpassa større byar, noko som ikkje alltid var det rette for oss. Vi har mange ulike kundar og må difor har eit breitt sortiment. Det er umogleg for oss å ha eit smalt sortiment og selje store volum.

Oppskrifta har fungert for butikken, men for Gotteberg er det viktig å sjå framover.

– Det er viktig at ein ikkje heng seg opp i det som har blitt gjort, men at ein ser framover. Vi skal vere stolte av historia, men vi må ha fokus framover og på det som skal kome, seier han, og legg til:

– Det er ingenting som er skrive i stein, men sjølvsagt har vi eit ønskje om å drive vidare så lenge det er kjekt, smiler Gotteberg.