– Det kom mykje meir folk enn eg hadde venta, og det var verkeleg liv i gata, seier Turid Breidalen som arrangerte marknadsdag i Måløy laurdag.

Liv, røre og god stemning. Slik summerer Turid Breidalen opp marknadsarrangementet, som gjekk av stabelen i gata denne helga.

– Det var akkurat det som var planen og eg og alle dei gode hjelparane mine er veldig fornøgde, fortel Breidalen.

Ida Balsnes (9) og Aksel Kjøsnes (10) frå Eid var dei to yngste seljarane som hadde teke turen på marknad.

– Vi sel ting vi ikkje lengre har bruk for sjølv, og det er fint om andre kan bruke det i staden. Og så får vi spart oss opp litt feriepengar, smiler dei og fortel at dei kjem til å halde fram med å reise på marknadar rundt om i nærmiljøet.

I tillegg til marknad i gata vart det halde auksjon på torget same dag. Der auksjonerte Breidalen vekk lopper frå loppehuset i Måløy, som ho òg er leiar for.

– Alt overskotet frå dagen går til Sogn og Fjordane Parkinsonforening, fortel ho og seier ho allereie har fått førespurnader om fleire liknande arrangement.

– Det blir i hvertfall fleire auksjonar framover, lovar ho.