Reidar Sandal blir ny styreleiar i Kystvegen Måløy-Florø AS.

– Eg har takka ja til oppgåva, men eg treng tid til å orientere meg sidan vi enno ikkje har hatt det første styremøtet. Generalforsamlinga har vedteke å gje meg jobben, men kva som skal ligge i rolla arbeidande styreleiar er enno ikkje klarlagt, seier Reidar Sandal til Firdaposten.

Han fortel til avisa at han vil bruke tida framover for å sette seg inn i statusen for prosjektet.

- Det er ei stor sak og eg må gjere eit grundig arbeid med å setje meg inn dei utgreiingane som ligg føre. Ikkje minst blir det viktig å jobbe med ulike finansieringskjelder.

Sandal overtek styreleiarvervet etter tidlegare Bremanger-ordførar Karl Vidar Førde (Sp). Sidan han gav seg som ordførar i fjor haust har prosjektet meir eller mindre stått på vent og det har vore stilt spørsmål ved korleis drifta i selskapet, som har lite midler tilgjengelig, skal finansierast.

Bremanger-ordførar Audun Åge Røys seier følgjande til Firdaposten om den nye styreleiaren.

– Vi har no fått på plass ein styreleiar med betre tid til å fronte prosjektet Kystvegen enn det ein ordførar som styreleiar ville fått. Sandal med si erfaring og sine kontaktar vil gjere ein framifrå jobb.