Thor Østengen frå Eidsvoll Verk sikra seg ein laks på 10 kg på Hjelle under opninga av laksefisket i Eidselva i natt.

Eidsvollingen tok dermed både den første og den største laksen denne første natta.

– Det tok ikkje mange minuttane etter midnatt før den satt på. Eg kjende det var mykje krefter i sving, og måtte vere hardthendt og bruke mykje brems på snella, men 14 minutt over midnatt hadde eg den på land, fortel Østengen. Saman med broren Jan er han på plass i Eidselva for sin 52. fiskesesong.

Dei er svært fornøgde med opningsnatta, og meiner dette lovar godt for seinare i sesongen.

– Vi har tru på at det er storfiskår i år, smiler dei, som skal ha til saman fem lakseturar til Nordfjordeid i løpet av sesongen.

Ein som ikkje var fullt så fornøgd var Stian Bjørlo i Eid Sportfiskarlag.

– Eg miste ein som eg tippar var 12-13 kilo. Eg skulle berre ta to kast til, og på det andre kastet satt den. Men då den sleit seg vart eg kjempeskuffa. Akkurat sånn skjedde for tre år sidan også, men det er litt av eit adrenalinkick når det står på. No er fiskefeberen endå større. Eg skal ha laks. Det blir mykje fisk i tida framover, seier Bjørlo.

Det vart tatt fleire laksar oppover i elva første opningsnatta.