Det lukka merdkonseptet AquaDome, vidareutvikla av Måløy-bedrifta MSC, skal monterast denne månaden.

Det fortel dagleg leiar Øystein Olav Grønolen i selskapet til sysla.no.

AquaDome er eit lukka flytande og patentert merdkonsept. Anlegget er forma som ei halvkule og har eit innvendig volum på 5.560 kubikkmeter. Anlegget har som mål å hindre fisk i å rømme. Det er Vågsøy-bedrifta Easy Form AS som har stått for den tekniske produksjonen av pluggar og former.

Det ferdigtesta anlegget bygd i glassfiberkompositt blir skipa frå Latvia til Steigen i Nordland der det skal monterast. Cirka 380 tonn fisk får plass i anlegget, som vil gi arbeid til ein til to personar. Anlegget toler ei bølgjehøgd på inntil 2 meter, og kan dermed brukast langs heile kysten, seier Grønolen til sysla.no