Det var tysdag morgon at vedtaket i kommunal- og moderniseringsdepartementet vart offentleggjort om at 541 bryggjaværingar går saman med Eid og Selje slik at Stad kommune blir ei samanhengande geografisk eining med Bryggja ganske nøyaktig midt på.

– Det var overraskande at det kom i dag tidleg, vi hadde ikkje venta vedtaket så fort. Vi er sjølvsagt glade og nøgde. Dette har vi håpa på og kjempa for siste året. Eg har gjeve beskjed heim om at dei må heise flagget, seier Hessevik til Fjordenes Tidende. Vi møter han i Nordfjordeid sentrum der han jobbar.

Han har site i arbeidsgruppa saman med Solveig Midtbø, Sverre Solibakke, Iselin Endal og Inge Midtbø. Ei opinionsundersøking føreteken tidlegare i haust viste at 79 prosent av innbyggjarane på Bryggja ynskjer å bli ein del av Stad kommune, 84 prosent ynsker ikkje å bli ein del av Kinn kommune med Vågsøy og Flora.

Fylkesmannen har tidlegare gått inn for at Bryggja går til Stad.

Ikkje sett netthets frå Bryggja

– Alle vedtak har gått vår veg, slik sett kjem ikkje avgjerda overraskande. Men det skapte ein del uvisse sidan ordføraren reiste inn til departementet for å tale imot lausriving, seier Hessevik.

Det har blitt ein debatt om netthets på sosiale medium etter Oslo-turen til ordførar Kristin Maurstad, sjølv busett på Bryggja. Hessevik seier at han ikkje har registrert at hetsen kjem frå Bryggja-miljøet.

– Eg følgjer ganske godt med på debatten både på Fjordenes Tidende, Fjordabladet og NRK, og eg har ikkje sett noko hets frå vårt miljø. Det er muleg ting er blitt fjerna utan at eg har sett det. Diskusjon er det, men det må vere greitt.

Varslar sosiale tiltak

No ynskjer Hessevik ro slik at ein kan jobbe for gode løysingar. Han trur ikkje folk er blitt uvener, og varslar sosiale tiltak i bygda.

– Der har vore eit par leirar som har vore skeptiske, kanskje spesielt på omsorgssenteret og i barnehagen der dei har vore usikre på kva dette vil ha å seie for arbeidsplassane. Elles føler eg det er stor semje. 5. juledag vil vi arrangere romjulstreff med dans som eit sosial tiltak, seier han.

Han er også oppteken av at Bryggja skal leve i ein god sameksistens med Vågsøy som bygda no bryt ut av.

Eit av dei store spørsmåla er kva som skjer med skulen på Bryggja. Vågsøy kommune vil legge skulen ned før Bryggja blir ein del av Stad kommune 1. januar 2020.

– Eg høyrde at det er snakk om møte mellom ordførarane allereie komande veke. Eg håpar dette kan bli tema der slik at skulen kan leve vidare. Det er snakk om ungar ned i fem år, så det er viktig at dei ikkje lir skade av dette, seier Hessevik. Sjølv ser han mot Montessoriskulen i Kjølsdalen for sine ungar dersom Vågsøy legg ned Bryggja skule.

– Vi får ta ting som dei kjem. Det finst løysingar. For ungdomsskuleelevar frå Bryggja som er midt i ungdomsskulen i 2020 kan det kanskje vere den beste løysinga at dei går ferdig i Vågsøy.