36-åringen frå Måløy har slite ut mange tastatur innan han er komen dit han er i dag. Tilbake på 90-talet vart det mange timar på guterommet for den ferske «datanerden» Magnus.

– Eg fekk mykje kjeft for å ta opp linja heime då eg var tenåring, seier han om dyre teljarskritt gjennom modemet.

Seinare laga han den fyrste nettsida til Måløy kino, etter oppdrag frå kulturavdelinga i kommunen.

- Det var i 1996, og det var vel stort sett berre eg som gjekk inn på den sida. Men det var kjekt å få gjere det, mimrar han med eit smil om munnen.

15 digitale år

No har Strømnes Bøe jobba seg opp ei solid erfaring etter 15 år med digitalkompetanse i næringslivet i Oslo. I dag finn vi han hjå Red Performance i Pilestredet både som partnar og som leiar for eigde og fortente media.

Han er meir eller mindre sjølvlærd i datafaget, og har følgt kvardagen til det tradisjonelle næringslivet som har blitt snudd på hovudet gjennom blant anna auka bruk av digital marknadsføring.

– Eg jobbar i dag med to hovudfelt. Det eine er webanalyse, og den andre delen er søkjemotor-optimalisering, fortel han.

Mest går det i analyse der han tolkar trafikk og innhald på nett og korleis det fungerer opp mot bedrifter og organisasjonar sine forretningsmessige mål. Søkjemotor-arbeid var det meir av før, og det å jobbe med websøk for 15 år sidan var utfordrande.

– Eg starta akkurat då IT-bobla kom i 2001, og då var det få som visste kva ein søkjemotor var. Jobben gjekk mykje på å forklare meininga med å vere synleg ved internett-søk lenge før blant anna Google gjorde seg gjeldande.

Framoverlent

Måløyværingen har vore framoverlent i karriera si, då mykje av jobben har gått på å rettleie bedrifter inn i ei ny digital tid der dei har vore nøydde til å tenkje heilt nytt. Viktigheita av Magnus sin kompetanse har vakse i lag med den digitale utviklinga.

– Eg har gått frå å vere i ei rolle som har vore litt på sida til å skrive marknadsplanar for store landsdekkande bedrifter, fortel 36-åringen.

Det han driv med har vorte veldig sentralt i måten ein driv marknadsføring i dag.

– Det er fantastisk moro. Vi ser at det vert flytta mykje pengar frå det som er «offline» og over til det digitale. Det er utfordrande, og ein skal ha god kontroll. Men eg trivst veldig godt med dette faget, fortel Strømnes Bøe.

Framtida

Han har hatt eit skarpt blikk gjennom den største utviklinga i den digitale tidsalderen. Med det har han også sett litt kor hen vi kan vere på veg.

Veit Magnus Strømnes Bøe med det noko om morgondagen som vi «vanlege folk» ikkje er klar over?

– Det er vanskeleg å seie. Om dagens hjelpemiddel som Google skulle kome i ein situasjon der dei ikkje er effektive eller relevante nok lenger, vil det gje rom for utfordrarar. Dette gjeld alle dei store aktørane vi har i dag.

Ein av dei er eksempelvis Facebook, som faktisk slit med å hanke inn dagens tenåringar.

– Dei som er yngre er ikkje så oppteken av Facebook. Og desse unge vil til slutt få pengar og ressursar å bruke på andre ting, og då snur det fort. Desse tinga er veldig spennande å følgje med på.