Denne kommentaren frå Stig Erik Elliot stod på trykk i fredagsutgåva av Fjordenes Tidende:

Først litt alvor: Det er rett og slett frykteleg synd på dei stakkars familiane og lokalsamfunna som denne veka har blitt hardt ramma av flaum. Når det er forferdeleg å sjå tv-bilde av naturkrefter som herjar, er det vanskeleg å førestille seg korleis det må vere å stå makteslaus på sidelina medan rasande vassmengder stikk av med hus og heim.

I mange samanhengar blir det sagt at det heldigvis berre dreier seg om materielle verdiar. Når det gjeld hus og heim, handlar det om meir enn materielle ting. Det handlar om den trygge hamna kvar og ein av oss har i kvardagen. Når den blir ruinert, kan det meste flyte ut.

Så over til det litt lettbeinte: For dei fleste av oss har denne veka handla om bøttevis med regn utan fare for hus og heim. Plagsamt, ja, eksistenstruande nei. Likevel: Når du høyrer samtalar på lunsjrom og handlesenter no om dagen, skulle ein tru at katastrofen, eller syndefloda, hadde ramma kvar og ein av oss.

Overalt blir det snakka om regn. Overalt blir det snakka om paraplyar som vrenger seg og småsko som er søkkande våte. Vi klagar over dammar i vegen, slitne vindaugsviskarar og 100 prosent vasstette regnklede som viser seg å berre vere 15 prosent vasstette. Vi klagar over hårsveisar som blir øydelagde og hårreisande byger.

Då har eg eigentleg berre eitt spørsmål: Kva i alle dagar er det vi klagar over? Dette skjer meir eller mindre kvar haust. Og skjer det ikkje om hausten, så skjer det i alle fall om våren. Helst skjer det både haust og vår. Vi bur heilt nord i verda der sommaren er det afrikanarar kallar iskald. Vi har ein snittemperatur som ligg under ti grader. I Bergen regna det for nokre år sidan i meir enn 80 dagar på rad. Brekke i Sogn har norsk årsrekord med nærare 6.000 millimeter nedbør.

Korleis er det eigentleg mogleg for oss nordmenn å bli overraska og sinte over at det regnar? At vi nordmenn er vêrsjuke, er omtrent like naturstridig som at det regnar oppover. Og det har det, så vidt eg har fått med meg, ikkje gjort. Hadde det regna oppover, ville vi garantert ha fått høyre om det. Regnvêret er nemleg ikkje berre samtaleemne folk imellom. Det er på nyheitene støtt og stadig. Eller, rettare sagt: Vêret er vel eigentleg nyheitene både på TV2 og NRK.

Når nyheitsankera kastar loss er det ikkje trygt å vere tv-sjåar. Regnet skal målast, skildrast og fangast på film. Og då meiner eg ikkje etter at hus er tatt av flaum og heile lokalsamfunn er lamma. Dette skjer lenge før, om lag i same augneblinken som me begynner å snakka om paraplyar som vrenger seg, småsko som er søkkande våte, dammar i vegen og slitne vindaugsviskarar.

Eg lurer på kva som er på nyheitene på Kanariøyane for tida – fokus på kraftig solskin, kanskje …?