For neste skuleår er det 17 søkarar til 8 plassar ved Naturbruk-linja ved Måløy vidaregåande skule. Oppsvinget i fiskeri og det auka fokuset på akvakultur kan vere grunnar til det.

– Vi ser at akvakultur har blitt meir populært dei seinare åra, det er ei næring i vekst. Fiskeria går i bølgjer, men går no så det susar, seier kontaktlærar Inger M. Frekhaug.

Måløy vidaregåande skule ønskte faktisk å auke opp Naturbruk frå ei klasse (åtte elevar) til ei og ei halv for neste skuleår. Men dette meinte hovudutval for opplæring i fylket ikkje var nødvendig, og status er no at klassen består som den er også for neste skuleår.

Viktig å vere synlegSkulen arrangerer jamleg besøksdagar for elevar frå andre skular.

– Utdanningsval er noko vi har drive med i fleire år for å vise fram tilboda vi har og synleggjere for ungdom at det er mogleg å gå vidare på skule der dei bur, seier Frekhaug.

Nyleg var derfor niandeklassingar frå Selje, Vågsøy og Gloppen saman med Naturbruk-elevane i to heile dagar.Dei fekk vere med på sjøen med MVS sin sjark Skulegut og fekk omvising på opplæringsfartøyet Skulebas. Deretter var dei på fiskeriverkstaden og fekk prøve seg på spleising av garn, knutar, lage og reparere garn og teiner, og ikkje minst egne line.

Besøk på anlegg

På dag to fekk niandeklassingane besøke Marine Harvest sitt oppdrettsanlegg i Krabbestig i Fåfjorden. Der fekk dei mellom anna omvising av driftsleiar Rune Oksholen.

– Vi var også litt i klasserommet der vi snakka om korleis respekt, ansvar, sosialisering og kunnskap er viktig for å fungere som eit team, enten på båt eller ute på eit anlegg, samt kor viktig HMT er, seier Frekhaug.

Til slutt fekk elevane vere med på ulike simulatorøvingar ved Teknisk Fagskule, avdeling Måløy.

– Dei fekk oppleve mykje på kort tid, og vi håpar at dei sit igjen med eit godt inntrykk. Og vi ynskjer alle som vel å satse på fiskeri eller akvakultur velkomne tilbake som elevar, avsluttar Inger Frekhaug.