– Eg reagerte med sjokk og vantru over at dei skulle gå så hardt til verks mot spesielt ein av skulane i Nordfjord. Det er Måløy vidaregåande og Firda vidaregåande skule som er dei to skulane som blir tatt ned, og Måløy aller mest.

Ho opplevde det som vanskeleg og uforståeleg.

– Har rektorane på dei ulike vidaregåande skulane i Nordfjord snakka saman om kva som er det beste for elevane i området?

– Vi har snakka om det tidlegare og har vore einige, slik eg har forstått det, om at det er viktig at alle fire skulane har eit studiespesialiserande tilbod, seier ho og legg til:

– Vi har jo Nettskulen i Vestland og blir oppfordra til å ta i bruk tilboda frå den. Vi har brukt den i fysikk i år og vi vurderer å bruke den neste skuleår for biologi og fysikk.

– Å ha både yrkesfag og studiespesialiserande er ein styrke for ein skule

– Det har blitt sagt frå fylket at vi skal satse på Måløy vidaregåande. Men styrker ein yrkesfaga på skulen ved å ta vekk studiespesialiserande?

– Eg synest det er vanskeleg å forstå den argumentasjonen. Dei er opptatt av dei blå linjene våre sidan det blant anna er ei næring i vekst og det er stor søking til dei linjene. Men alle yrkesfag har fellesfag og at ein har gode fagkrefter i allmenne fag som ein kan bruke både på yrkesfag, YSK og studiespesialiserande er kjempeviktig. Det å ha både yrkesfag og studiespesialiserande er ein styrke for ein skule.

Ho meiner også at det å ha både yrkesfag og studiespesialiserande også gir eit mangfald på ein skule og at dette utelukkande er positivt.

Ifølge rektor ved Måløy vidaregåande skule har dei blitt orientert om kven som sit i arbeidsgruppa, men har ikkje hatt innverknad på kven som sit i arbeidsgruppa.

– Vi har til dels vore involvert i prosessen. Vi har fått informasjon om faggruppa, om prosessen og om overordna prinsipp. I tillegg har kvar skule sendt inn skriftlege innspel og rektorane har blir stilt nokre spørsmål som vi skulle ta stilling til. Vi blei også oppfordra til å spele inn kva som var viktig for skulen. Vi spelte inn justeringar som kunne vere bra for oss, men desse er ikkje tatt omsyn til. I staden for opplever vi det motsette.

Fleire tidlegare elevar har flytta tilbake

– Kor kjem dei som går på studiespesialiserande på Måløy vidaregåande skule frå?

– Hovuddelen av elevane på studiespesialiserande rekrutterer vi frå nærskulen, Vågsøy ungdomsskole. I tillegg kjem nokre frå nabokommunane, ytre del av Stad og Bremanger.

YSK-elevane kjem frå nærområdet og ulike delar av Sogn og Fjordane.

– Med tanke på å få ungdommar tilbake til kommunane er det forsking på at jo meir tilknyting du har til lokalsamfunnet jo større sjanse er det for at du kjem tilbake. Vi veit også at fleire av elevane som har gått på studiespesialiserande har flytta tilbake og jobbar i Måløy-området utan at eg har eksakte tal.

Jåvold seier det same gjeld YSK-elevane som kjem frå området.

– Mange av dei vel å fortsette i bedriftene dei har vore lærlingar i fire år og dei er attraktive på arbeidsmarknaden. Søkartala til YSK har vore gode. Berre eitt år var det ingen søkarar til teknologi og industrifag, men i år har vi fem og fekk ta inn ein ekstra. Og det var ni stykker som søkte på YSK Akva i år, seier ho.

Kan miste restaurant- og matfag

Med tanke på restaurant- og matfag, som er eitt av dei tre tilboda som er foreslått tatt vekk, opplever heile Norge lågare søkartal.

– I rapporten er det forslått at dette tilbodet skal vere i Sogndal og Førde, men dei opplever ikkje supergode søkartal der heller. Det går litt i bølger.

Jåvold fortel at dei har prøvd å tenke nytt her sidan ein ser at mange ønsker å jobbe på båt:

– Vi har lyst å dreie dette tilbodet meir over til det maritime og har utarbeidd ein læreplan for vg2, maritim kokk. For å kunne gå vidare med det må vi ha ei godkjenning frå administrasjonen og så må det vedtakast eller godkjennast i opplæringsutvalet før vi eventuelt kan søke Utdanningsdirektoratet om forsøk på ei slik linje, seier ho og meiner at ei slik linje ville passe både skulen og bransjen godt.