Leiar i FAU, Linda Lyngstad, har sendt brev til Bremanger kommune. Der ber FAU om eit busstopp som skulle ha vore plassert i overgangen frå fylkesveg 572 opp mot Solvegen i Svelgen.

– Her ferdast også mykje tung trafikk som skal til og frå Bremanger Quarry. På morgonen vinterstid er det mørkt, og det kan vere vanskeleg å sjå at det står nokon der. Der er heller ikkje noko plass å stå i ly for vêr og vind, skriv ho.