Måløyfirmaet UNU hadde store vyar og ville satse på leilegheiter på Nordfjordeid. No trekkjer dei seg frå prosjektet.

– Vi har sett at her er ein overraskande stor marknad for leilegheiter, sa Kent Rune Bugjerde i UNU AS i fjor vår.

Dei hadde planane klare for å bygge ti leilegheiter i det tidlegare Englundbygget sentralt i Eid sentrum. Det tidlegare forretningsbygget skulle gjennomgå ei forvandling til eit topp moderne leilegheitskompleks.

No har ikkje UNU lenger tru på prosjektet og trekkjer seg.

Nedfall

I samband med orkanen Tor vart det registrert nedfall og lause bygningsdelar på den delen av Englundbygget UNU har vore engasjert i. Det blei også observert isolasjon som fauk over på andre eigedomar.

Eid kommune har også motteke merknadar frå naboar og andre som synes at bygget er svært skjemmande for området, slik det står i dag.

No reagerer kommunen, og ønskjer sikring av bygget og tilbakemelding frå dei ansvarlege om framdrift av ombygginga. Dei reagerer også på at anleggsgjerdet rundt bygget ikkje er tilstrekkeleg til å hindre at folk går inn i eller rundt bygget.

– Byggverket må sikrast slik at det ikkje oppstår fare eller vesentleg ulempe for personar eller kringliggande eigedomar, påpeikar kommunen.

Lita interesse

Det er Fjordane Invest As som står oppført som eigar av bygget. UNU hadde opsjon på å kjøpe Engdlundbygget, og satsa på at interessa for leilegheiter skulle vere så stor at det nye Englund Tunet blei ein realitet.

Til Fjordenes Tidende fortalde dei at dei måtte selje seks-sju av dei ti leilegheitene før dei kom til å sette i gang med bygging. Englund Tunet skulle vere veldig likt Bryggen Panorama i Måløy sentrum.

Leilegheitene skulle vere i storleiken frå 52 ti 105 kvm og i ei prisklasse frå 1,78 til 3,69 millionar kroner. Men interessa på Eid har ikkje vore stor nok.