Foreldre og lærarar ved Raudeberg skule ville ruste opp bygget og tok saka i eigne hender.

– Vi ville gi skulen ei ansiktsløfting. Det er her barna bruker mykje av kvardagen sin, og trivsel gir auka læring, fortel forelder Hilde Karin Wik Bakke, og viser til at skulen no har fått eit nytt strok måling på veggane, gangane og i trappa.

– Alle er veldig fornøgde med resultatet, og barna på Raudeberg skule synest skulen har blitt veldig fin, legg Wik Bakke til.