Det tok fire dagar før Joy Falkevik (32) fann ut broren hadde unnslippe tyfonen på Filippinene og var i god behald.

Joy Falkevik, som bur i Almenning, er fra Bohol, naboøya til øya Leyte som vart hardt ramma av tyfonen på Filippinene før helga. Her bur framleis mor hennar og tre søsken, og då tyfonen ramma tok det tid før ho høyrte frå dei.

Då beskjeden kom, var den heldigvis av det gode slaget. Tyfonen hadde treft andre sida av øya i høve til der familien bur. Men at broren også har det bra, fekk Joy Falkevik vite først måndag kveld. Han bur eit stykke unna dei andre i familien.

– Eg har ikkje så stor familie, så eg tenker på dei heile tida, seier Falkevik.

Utan kontakt

Tyfonen ramma Filippinene fredag morgon. Joy Falkevik heldt seg oppdatert på ein filippinsk TV-kanal. Men ho fekk ikkje kontakt med nokon i familien før laurdag kveld.

– Då snakka eg med eldste søstera mi som sa at dei var ok, men at dei ikkje hadde straum.

Nyheitaen om at broren var i god behald kom ikkje før måndag kveld.

Seinare har søstera fortalt at dei blir utan straum i 45 dagar. Det er fordi all straumen kjem frå kraftstasjonen på øya Leyte.

No er det varsla ein ny tyfon med styrke ein mot Bohil. Den skal ha meir regn, men mindre vind.

– Mor mi er flytta til ei av søstrene mine. Ho bur for lavt til å vere trygg, seier Joy Falkevik.

Manglar vatn

På ein skala frå ein til fem vart Bohol ramma med ein styrke på tre medan Leyte vart ramma med styrke fire.

– Vi fekk ikkje øydelagd noko, men området er utan straum og folk kan derfor ikkje arbeide, fortel Joy Falkevik.

Området manglar også vatn, men styresmaktene fraktar rundt vatn til folk.

– Det er også nokon som deler ut ris og matvarer, seier Joy Falkevik.

Det finst nokre generatorar som blir flytta rundt omkring i byen.

– Søstera mi fekk lada opp telefonen laurdag. Men dei sparar på straumen, så vi sender tekstmeldingar i staden for å snakke på telefonen. Elles har dei ingen nyheter slik som oss. Så eg deler nyheter med dei på Facebook, seier Joy Falkevik.

Men ein del av nyhetene er så sterke at ho let vere å dele dei.

– Det er vondt å sjå nyhetene. Eg blir lei meg. Det kjennest best når ein kan hjelpe, seier Falkevik.

Heile saka stod i papirutgåva onsdag 13. november.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende