– Dette er eit viktig førebyggjande tiltak for Måløybrua, og det er no på tide å gjere denne jobben for å hindre vidare nedbryting av betong og armering. Me har hatt nedfall av betongbitar dei siste åra, og dette vil berre bli verre dersom ikkje noko blir gjort, seier prosjektleiar Jorunn Hillestad Sekse i Statens vegvesen i ei pressemelding onsdag.

Dagens problem med brua skuldast at armeringsstålet inni brua har byrja å ruste, og som kjent svulmar rustande metall opp. Dette førar til at mindre betongstykker vert pressa laus, og då blir det endå lettare for vatn og salt å trenge lenger inn i brukonstruksjonen, melder vegvesenet.

Fjordenes Tidende har tidlegare omtalt skumle hendingar som ei følge av at betong har løsna frå undersida av brua.

Eit stort arbeid

Den 1.224 meter lange brua frå 1974 skal no få «katodisk vern». Dette betyr at laus og dårleg betong skal fjernast, før ny betong blir sprøyta på saman med eit nett av metallet titan. Når brua har fått påført dette nye «topplaget», blir ein permanent, svak straum lagt på nettet. Nettet dannar då det som på kjemi-språket vert kalla ein katode, slik at rust-prosessen i armeringsstålet inni brua stoppar opp.

Arbeidet vil føregå ved at brua først blir behandla med vannmeisling, for å fjerne laus og delaminert betong. Apparatet fungerer som ein svært kraftig trykkspylar, og gir ein del støy og betongslam. Vind og vêrforhold kan vere ei utfordring her, med tanke på tiltak som skjermar ytre miljø. Etter vannmeisling blir det påført reparasjonsmørtel, så er det på med anodenettet og til slutt sprøytebetong for å dekke over.

Er ute på anbod

Jobben med å rehabilitera betong på brua og innstallere katodisk beskyttelse er no ute på anbod, med tilbodsfrist 18. januar. I slutten av november var det synfaring på brua for interesserte entreprenørar, og 11 firma var då representert. Statens vegvesen har sett av 80 millionar  kroner til prosjektet, og arbeidet med å rehabilitere brua vil pågå i fire år. Det kan bli stopp i arbeidet i perioder vinterstid, då prosessane er følsomme for vind og for låg temperatur til å drive betongstøyping.

Det skal også utførast andre vedlikehaldsarbeid, slik som fugevedlikehald, utskifting av dreneringssystem og lokale betongreparasjonar.

Ser fram til oppstart

– Me ser fram til å få denne jobben gjort, og katodisk vern er allereie utført på fleire bruar rundt i landet. Mellom anna ved Reine i Lofoten der me har hausta erfaring inn til vårt prosjekt, seier byggjeleiar Trond Gjerland i Statens vegvesen.

Statens vegvesen ser det som viktig at folk i området vert godt informerte før prosjektet startar opp, og etaten vil invitere til eit informasjonsmøte for folk i Måløy mot slutten av februar, før arbeidet startar opp.

I utgangspunktet skal brua være åpen for trafikk i hele byggeperioden, men det kan bli lysregulering i perioder, opplyser vegvesenet.