Investoren Gunnar Carlson i Måløy har kjøpt Måløy verft, og har tankar om å få opp aktiviteten ved skipsverftet i Deknepollen.

Det er familieselskapet Brothers AS ved Gunnar og Evelyn Carlson som formelt har kjøpt veftet frå dei frå det islandske selskapet Mallard Holding som har dreve verftet sidan 2012

Carlson seier til Fjordenes Tidende at dei tilsette ved verftet vart orientert om eigarskifte på eit møte i dag, torsdag.

Dermed er Carlson som har bygd opp verftet Båtbygg på Raudeberg inne på eigarsida i endå eit lokalt verft.

Men Carlson understrekar at han ikkje skal drive verftet.

Yngre krefter

- Her skal det yngre krefter inn, seier Carlson utan at han vil seie no kven dette blir.

Jón Thorvardarson som har vore dagleg leiar ved verftet sidan 2013 er ute av selskapet.

Carlson vil ikkje seie så mykje endå om kva som er planane for verftet, utover at det skal bli aktivitet der.

Det er ni tilsette ved verftet som har drive med nybygg, ombygging og reperasjonar av fartøy. Alle desse blir med vidare. Det er også klart kven som skal inn å leie verftet vidare, men det blir ikkje offentleg for ut i neste veke.

Ut å skaffe oppdrag

- Eg kan ikkje berre sitte stille å sjå på at aktiviteten dør hen, og det heile ramlar ut av lokale hender. Aktiviteten ved verftet har vore dalande siste åra. No blir jobb nummer ein å finne oppdrag. Det blir ikkje enkelt i ein tøff marknad. Men den utfordringa må vi ta, seier Carlson til Fjordenes Tidende.

Han vil også jobbe for at verftet skal samarbeide tettare med dei andre teknologibedriftene i Deknepollen.

Måløy Verft hadde i 2012 64 millionar kroner i driftsinntekter og eit driftsresultat på 6 millionar kroner før skatt.

I 2015 var inntektene på 14 millionar kroner og eit resultat på -275.000 kroner før skatt.