– Vi føler oss veldig trygge med så mange rundt oss som jobbar for vår sikkerheit og helse, seier Nathalie Blållid Falkevik.

Fleire representantar frå alle naudetatane, Redningsselskapet og Røde Kors stilte opp i full uniform på torget i Måløy saman med redningsdykkarar og brannbjørnen Bjørnis under den store sikkerheitsdagen laurdag.

– Det er verkeleg ei tryggleik i kvardagen å vite at ein har heile dette sikkerheitsnettet rundt seg, seier Nathalie Blålid Falkevik, som var ein av mange som fekk med seg sikkerheitsdemonstrasjonane i sentrum.

Med på å ufarleggjere

I løpet av dagen fekk borna prøve ut dei ulike utrykkingskøyretøya, besøke redningsskøyta og køyre tur med Eliasbåten. Det var også moglegheit for å helse på brannbjørnen Bjørnis på torget.

– Denne dagen har vore veldig lærerik og kjekk for ungane, fortel Solveig Seljen Melby som hadde med seg borna Amalie og Henrik.

– Det er greitt å få eit innblikk i kvardagen til naudetatane, og ein slik dag er med på å ufarleggjere jobben dei gjer, spesielt for borna, seier ho.

Tverrfagleg samarbeid

Ambulansearbeidar Kristine Gustavsen fortel at det er viktig for naudetatane å få vise seg fram på denne måten.

– Spesielt samarbeidet på tvers av etatar, som til dømes i den eine øvinga i dag, er det viktig for oss å få fram.

Ho skryt av samordninga i Vågsøy og seier det slett ikkje har vore like bra samarbeid andre stadar ho har jobba.

– Her er det aldri noko problem å tilkalle hjelp, seier ho.

Morten Hagen i politiet understrekar at fellesskap er det viktigaste for å sikre best mogleg beredskap.

– Det seier seg sjølv at vi er betre rusta til å handtere større hendingar om vi står samla, meiner Hagen.

Primus motor for dagen, John Inge Henden, håpar at dei som møtte opp på sikkerheitsarrangementet fekk ei fin oppleving av naudetatane og at ein ikkje synest det var skummelt.

– Inntrykket eg sit igjen med er at vi fekk ufarleggjort blålys og sirener. Dette var ein positiv dag for oss som arrangerte og eg ser ikkje vekk ifrå at det vert fleire slike dagar framover, seier Henden.