Birger Haugland var ein av få med klåre minne om det som skjedde med Schumann og mannskapet i Hennøystranda.

Birger Haugland (1923–2015) var 17 år i 1940 og hadde sikre minne om dagane då Schumann kom til Hennøystranda. Båten gjekk på ein stein og vart ståande ut frå land. Då sjøen fall, la båten seg over. Der kom ikkje skade på skroget, båten var intakt. Han var overbygd, som ein passasjerbåt.

– Då vi kom ut var båten sokken, og mannskapet hadde forlete han. Dei kom inn i Hennøyna roande i ein lettbåt. Dei lurte på korleis dei skulle gjere det vidare, ettersom fartyet dei reiste med var havarert. Simon Holm gav dei ein seksæring som dei så reiste vidare med. Den hadde forutan årar også segl med. Eg hugsar dei drog roande ut sundet, eg trur dei drog til Espevær sør med Haugesund, fortalde Birger før han døydde.

Bygdefolket reiste ut der Schumann låg sokken. På fjøre sjø var dekket over vatn, og med bytter og pøsar gjekk folket laus og tømde båten så han flotna. Mannskapet hadde forlate mesteparten av utstyret og private effektar.

Havariet vart rapportert til lensmann Rosenlund i Davik. Han kom og såg på båten. Alle kle og lausøyre vart auksjonerte ut i grannenaustet, sengkleda kasta, og lensmannen tok også med seg geværa.

– Dette var ekte marinegastar i uniform med blåkragar. Kleda vart selde til folk i bygda. Det var lite om kle, og dette var godt stoff. Eg kjøpte eit støvlepar og ei uniform, sa Birger.

– Vakte besøket oppsikt?

– Det var etter krigsutbrotet, og slikt vart neddyssa.

Båten stod ei tid i fjøra. Så kom eigaren frå Espevær og henta han. Han fekk start på maskina med ein gong. Deretter reiste han med båten til Måløy og fylte olje og nødvendig utstyr før han reiste sørover til Espevær. Historia om Schumann-havariet ved Hennøystranda vart teken opp og granska etter at Ansgar Hennøy opplyste om ein amerikaner som besøkte Måløy. Hamna dei flykta frå i 1940, for så å havarere ved Hennøystranda.

Skippar og maskinist er oppspora og dokumentert. Dei to andre av mannskapet veit vi ingenting om.

Søk på Plank gav to namn i Østfold, men ingen respons.