– Det var veldig spennande å sjå korleis interiøret var og korleis kvinnene i familien levde samanlikna med i dag, seier Mirjam Leivdal (18).

Saman med Åse Helene Ytrehus (18), Kjersti Wiik (18) og tre andre medelevar fekk dei i oppgåve å lage ei utstilling som viste korleis interiør og stil forandra seg gjennom generasjonar. Utstillinga, som fann stad på Nordfjord Folkemuseum i Gloppen 2. mars til 1. mai i 2017, inneheldt ein modell og ein plakat med informasjon om levesett og stil.

Såg på kvinner i familien

For å gjennomføre oppgåva søkte elevane til kjelder dei kunne snakke med, og resultatet vart seks plakatar med titlar som «Slik levde tipp-tippoldemor på 1880-talet», «Slik tippoldemor levde i 1905», via oldemor og bestemor og heilt fram til «Slik mor budde på 80-talet».

Elevane sitt arbeid har fått elleve sider i boka Sogeskrift for Eid 2017.

Jentedominans på design

I dag går elevane Mirjam, Åse Helene og Kjersti påbygg ved Eid vidaregåande skule. Men gjennom tida på design og interiør har dei merka at faget deira er jentedominert.

Andre året gjekk jentene på interiør og utstillingsdesign saman med tre andre elevar, alle jenter.