Seks dykkarar frå Bergens-området var blant dei fyrste på lang tid som fekk sjå kva som finn seg på botnen av Ulvesundet i Vågsøy.

– Når du ser baugen på skipet er det akkurat som det kjem sigande mot deg. Det er eit utruleg majestetisk syn, fortel Hege Nygaard, frå Bergen.

Saman med Vegard Sandvik, som opphavleg er frå Nordfjordeid, Johnny Berntsen, som er frå Vedvik, Anders Borge, Thomas Eriksson og Kjell-Ronnie Grytten, frå Bergen, har ho brukt tre dagar på å dykke i Ulvesundet ved Måløy.

På botnen finst nemleg eit syn som få har sett på lang tid. Her ligg «D/S Bodwild», som i 1934 vart påkøyrt av hurtigruta og sank, «SS Klaus Fritzen», som vart bomba av britiske fly i 1942, under andre verdskrig, og «MS Tore Hund» som gjekk på grunn og kantra i Ulvesundet i 1977.

Eit godt vrak

Dykkarane har hatt base i Vedvik der Berntsen eig eit hus, noko som passa dykkarane svært godt.

– Dette har vore ein barndomsdraum for meg. Området her omkring er eit mekka for dykkarar, fortel Berntsen, som har vore aktiv dykkar sidan 1977, med nokre opphald. Berntsen og Nygaard trekk fram skipsvraka i Ulvesundet som gode vrak.

– Dei har fått ligge å ruste i fred og det meste er intakt. Alt frå messingventilar og steammanometer er der det opphavleg var, fortel Berntsen og legg til:

– Skipa har heldigvis ikkje vore utsett for plyndring med slegge og spett, noko ein ofte ser andre stader.

Dokumenterer

Sjølv om dette berre er ein hobby for dykkarane, tek dei også bilete, måler opp skipa og finn dei nøyaktige posisjonane til skipa.

– Vi har lovd at Nordfjord Havn skal få nokre bilete med oss, slik at dei kan få ei oversikt over korleis det ser ut nede på førti til seksti meters djup, forklarar Berntsen.

I tillegg legg dykkarane ikkje skjul på den personlege motivasjonen.

– Ein kan seie at det er ein hobby, men det har vel blitt ein livsstil for oss, seier dei.