Denne leiaren stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 23. september.

For over to år sidan la kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner fram planen for korleis han vil gjennomføre og stimulere til tidenes kommunereform. Sanner var klar på at det må bli færre og større kommunar.

Han forventa at kommunane tok initiativ og gjorde meir enn å snakke om samanslåing. Han var klar på at dersom fri vilje ikkje fører fram så vil det skje med tvang. Målet er å redusere talet på kommunar frå 428 til 100.

Sanner meiner ein kommune bør ha 15.000-20.000 innbyggarar. Det betyr at vårt fylke blir redusert frå 26 kommunar, som i dag, til fem-seks.

To år seinare har dei fleste frieria om ekteskap mellom kommunane enda i grus. Anten har folket sagt nei gjennom folkerøysting eller så har ikkje politikarane klart å bli samde. Ergo ønskjer kommunene at kommunegrensene ser ut på same måten som dei gjorde ved siste reform for 50 år sidan.

Alt tyder derfor på at det nye kartet blir teikna med tvang. Mange er spente på kva forslag Fylkesmannen vil legge fram 29. september. Mange kommunar slit med å få gode folk i leiande stillingar. Utfordrande økonomi gjer at dei beste ikkje vil jobbe i kommunar der ein må forvalte armod og ikkje kan utvikle gode tenester for innbyggarane.

Og for innbyggarane er det nok viktigare med gode tilbod og tenester enn med kommunegrenser som er lagt i ei heilt anna tid med andre utfordringar og annan teknologi enn den som finst i dag.