Politikarane utsette avgjerda om sal av Realen i påvente av grundigare saksutgreiing.

Sjølv om ho vedgår at eit vedtak om utsetjing er betre enn sal for ungdommane i Svelgen, er leiar i Bremanger Ungdomsråd Helene Midtbø Bjørkedal (19) ikkje heilt nøgd med at avgjerda let vente på seg.

– Eg skulle helst sett at vi hadde fått avklaring for lenge sidan. Vi vil vite kvar vi skal vere så fort som mogleg. Det ville vore til det beste for ungdommen, seier Bjørkedal, som hadde møtt opp i kommunestyremøtet for å tale ungdommane si sak.

Det er nærare 18 månader sidan det gamle skulebygget frå 1921 blei stengt og ungdommane måtte flytte ut. Sidan har dei vore utan tilhaldsstad eller i mellombelse løysingar. For tida held dei til i Svelgen samfunnshus på ein eittårs leigeavtale ut 2013.

Ei minimumsopprusting av Realen til bruk vil koste 1,5 millionar, på sikt mykje meir, og rådmann Tom Joensen seier dette er pengar Robek-kommunen verken har eller får låne til ei løysing som ein ikkje ein gong veit er framtidsretta.

Les saka heile saka i papirutgåva måndag 29. april.