– Eg ser det som naturleg at det som går på dei strategiske helsefunksjonane blir lagt til Eid. Dette har vi så vidt snakka om i forhandlingane, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), som ikkje vil spekulere i kor mange arbeidsplassar dei strategiske helsefunksjonane gir.

– Det spørst kva som blir definert inn i dette, seier han.

Frå intensjonsavtalen er det klart at ordførar og rådmann med strategiske leiingsfunksjonar blir lokalisert med Eid som base. Bjørlo anslår at det er snakk om 10-15 arbeidsplassar.

– Vi har ikkje byrja diskusjonane om fordeling av kommunale funksjonar. Dette ønskjer vi å utforme i lag, seier Bjørlo.

I den vedtekne intensjonsavtala går det fram at nærings-, utviklings- og planavdelinga blir lagt til Selje.

– Dette heng saman med eit sterkt kystnæringsliv. Samstundes med at den nye kommunen blir eit faktum blir også Stad skipstunnel etablert. Då handlar det om å få mest mogleg ringverknadar av skipstunnelen med tanke på bruk av massar, bedriftsetableringar og påkopling frå næringslivet, fortel Eid-ordføraren.

Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) fortel at nærings-, utviklings- og planavdelinga vil ha 10-15 arbeidsplassar.

I likskap med Bjørlo vil heller ikkje Osdal seie så mykje om kva han ser føre seg av funksjonar som blir lagt til Selje.

– Det er for tidleg å definere noko no. Det som står i intensjonsavtalen, er at ingen av dei to rådhusa skal byggjast ut. Vi skal jobbe gjensidig for å prøve å fylle begge rådhusa, seier Osdal, og legg til at det i dag jobbar kring 35 personar på kommunehuset i Selje.

Då Selje var i forhandlingar med Vågsøy og Vanylven, fekk kommunen tildelt den same avdelinga som dei no får i intensjonsavtalen med Eid. Men dei fekk i tillegg flyktningtenesta og kultursektoren.

– Vi forholder oss ikke til den avtalen i det heile tatt, for det var eit produkt som det ikkje blei noke av. Her er det helt blanke ark og ein ny kommune, og det er det utgangspunktet vi tar, fortel Osdal.

Selje-rådmann Ørnulf Lillestøl seier han har tanker om kva Selje bør få i den nye kommunen, men at han ikkje vil seie noko om dette enno.