- I dag er det veldig inn med samarbeid. Intensjonen i eit samarbeid er at det må drype på alle. Det er sjeldan ein kan snakke om ei hamn der det er tørt, men det er det her på Eid. Det dryp ikkje på oss, sa Ståle Sandal (Sp) frå talarstolen.

Tonen frå alle som entra talarstolen var den same. Politikarane i Eid meiner dei får for lite att for å vere ein del av det interkommunale samarbeidet.

I havnerådsmøtet måndag vedtok rådet å utsette saka om vedtektsendringar til Eid kommune hadde gjort sitt vedtak.

Bakgrunnen for at saka om vedtektsendringar var oppe i rådet, er at Eid kommune har spelt inn dette fordi Nordfjord Havn meiner den planlagde Sea Walken på Nordfjordeid er i direkte konkurranse med cruisekaia i Olden, noko som er i strid med vedtektene.

- Det er synd at det har kome til dette, men vi føler vi stangar hovudet mot veggen, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Ifølge vedtektene i Nordfjord Havn IKS kan utmelding skje med eitt års skrifteleg varsel.

Vi oppdaterer saka.