Onsdag var den store flyttedagen i Svelgen. 37 av dei 48 nye bebuarane ved Svelgen Omsorgssenter kom på raud løpar opp til sin nye heim midt i Svelgen sentrum.

Svelgen Omsorgssenter er blitt eit praktbygg som ruvar midt i sentrum med sjøutsikt på eine sida og fotballbane og majestetiske fjell på den andre.

– Dette er nesten som å vere på hotell, var det ei som sa i forbifarta.

Strålande sol og kanskje den aller første skikkelege vårdagen i Svelgen, la ingen dempar på høgtidsstemninga i Svelgen under flyttesjauen.

– Dette blir berre heilt fantastisk, utbryt hjelpepleiar Lillian Drageset, som på spøk eller alvor ber fagleiar Linda Førde om høgare stillingsprosent for å få vere meir på jobb.

- Som du skjønner blir dette ein ny kvardag både for tilsette og beburarane, smiler fagleiar Linda Førde der ho står i inngangspartiet og tek i mot pensjonærane.

Dei kjem anten gåande sjølv, med rullator, i rullestol direkte ned bakken frå den gamle heimen  - eller i senga med ambulanse. Det er lagt ut raud løpar så alle skal føle seg ekstra velkomne og skape høgtidsstemning over hendinga.

Storveges fornøgde

I den store foajeen står pårørande i kø med store og små ting som skal fraktast opp og plasserast i det som blir ein ny heim. Det er to heisar og akkurat på ein dag som denne blir det naturleg nok kø. Men alle er i godt humør og storveges fornøgde med alt det nye, trivelege og moderne som møter dei.

Like ved er det aktivitetsstove der Aud-Berit Mulelid skal ha sitt virke. Ho er aktivitetsleiar og ser fram til å ta rommet i bruk.

- Her kan vi ha både kino og bingo, seier ho og viser fram eit velutstyrt kjøkken med dekketøy til 100 personar. Ho samarbeider også med fysioterapeut Asle Førde og saman skal dei lage ulike aktivitetar for dei nyinnflytta.

- Det er eit veldig flott rom med direkte utgang til både sansehage med sjøutsikt på nedsida og atrium på oppsida, forklarer ho.

Ein ny kvardag

Oppe i etasjane kjem stadig meir og meir på plass av personlege ting. Hekla dukar blir lagt på borda og potteplantar får nytt lys.

Enkelte rom er allereie pynta til påske og på borda står musserande brus og kaffi og ventar på dei nyinnflytta og deira familie. Mange set seg rett ned for å sjå på si nye utsikta. På døra har alle fått eige personleg namneskilt.

For dei tilsette vil dette bety ein heilt ny kvardag. Det er skinner i taket som vil avhjelpe tunge løft. Romma er store og gjev gode arbeidsvilkår.

Ein ny heim og ein ny arbeidsplass er etablert, og i løpet av få dagar vil flyttesjauen vere over.

Det som var sjuke- og aldersheimen i Svelgen - seinare omdøypt til  Svelgen Bu- og servicesenter - er ei historie som starta i 1979 og varte i 37 år.