Hjelmeland begravelsesbyrå stiller gjerne si erfaring tilgjengeleg for Eid kommune i planlegging av korleis stellerom, kapell kjølerom bør vere ved nye Eid sjukeheim.

– Eg var tidleg inne i planleggingsfasen for liknande rom i Selje, Vågsøy og Stryn, og stiller gjerne opp for å få til fornuftige løysingar også i Eid.

Det er Odd Kåre Hjelmeland som skriv dette i eit innspel til kommunen sin Kommunedelplanen for helse og omsorg som no er ute på høyring.

– Eg håper det kan bli full utbygging av Eid sjukeheim fort. Det trengs, meiner Hjelmeland.