Nordfjord Havn IKS sa nei til å vere med på Sea Walk-prosjektet på Nordfjordeid. John Olav Lefdal ønskjer framleis samarbeid, men seier at ein må gje og ta på begge sider.

– Nordfjord Havn var inviterte til å vere med på prosjektet, men uttalte at vi måtte kome opp med planar og idear, fordi dei ikkje hadde finansielle musklar til å ta på seg dette prosjektet. Vi tromma i hop eit spleiselag, men likevel sa dei nei. No innrømmer Selje at dei sa nei fordi dei ønskjer cruiseanløp sjølve. Då er det inga oppside for Eid å vere med, seier Lefdal.

– Vi håpar sjølvsagt at den nye hamnesjefen vil møte med blanke ark og høyre på kva vi har å kome med. Dei som ikkje vart med på prosjektet kan angre, for dette er eit veldig godt prosjekt. Det var ikkje min intensjon at eg skulle lage kai, men dette er berekraftig og lønsamt, seier investoren.