– Eg høyrde ingen brannalarm. Det var inga varsling som gjekk. Eg var oppe på toalettet mellom 02.30 og 03.00, og det var heilt stille i bygda. Så det hadde eg høyrt viss hotellalarmen hadde gått, seier Ola Hove til NRK.

Han bur nært hotellet og var vitne til brannen.

Seks dagar seinare arresterte politiet tre svenske brør, som har eigd og drive hotellet dei siste tre åra. Politiet sikta desse for forsikringsbedrageri og for å ha tent på hotellet med vilje.

Opplysningane har NRK etter å ha ha snakka med ei rekkje aktørar rundt brannen i Selje Hotel,og etter det dei kjenner til var var brannvarslingsanlegget i hotellet – både alarmklokkene inne og ute – av under brannen.

Det stemmer også med observasjonane til dei mange vitna til brannen. Ola Hove og naboane rundt Selje Hotel høyrde ingen alarm.

– Det alle har høyrt, er det same som meg: ein kraftig smell, som mest sannsynleg var eternitt-taket ned nedsida av hotellet som small opp, fortel Hove.

Etter det NRK kjenner til stod også dei to branndørene i kvar ende av romfløya opne under brannen.

Det gjorde at elden kunne spreia seg lettare til resepsjonen, og at brannen i romfløya fekk meir næring til flammane.

– Eg kan ikkje gå inn på konkrete opplysningar i saka, seier politiadvokat Magnus Engh Juel, og forklarar det med omsynet til etterforskinga.

- Vi er inne i ein viktig fase. Vi skal dei komande vekene avhøyra mellom andre dei sikta.

Politiadvokat Engh Juel ønskjer heller ikkje å kommentera ein annan opplysning som NRK kjenner til, nemleg at minst to av dei tre sikta brørne var komne frå Stockholm til Selje 14. og 15. november, altså halvanna veke før brannen.

Også Fjordenes Tidende rapporterte tidlig i desember at hotelldriverne hadde blitt obervsert i bygda kun dager før brannen.

Før hotellet blei vinterstengd 1. november hadde dei sikta samla inn hotellnøklane til dei tilsette. NRK meiner no å kjenne til at desse under besøket i Selje ti dagar før brannen samla inn også nøkkelen til den siste av dei tilsette.

Avgjerande for etterforskninga blir dermed å finne bevis for dette ved hjelp av registreringar i bomstasjonar og liknande. Dei sikta hevdar å ha vore i Stockholm då brannen starta.

Politiadvokaten ønskjer heller ikkje å kommentere opplysningane om at dei sikta var i Selje.

Dei tre sikta blei fredag varetektsfengsla for fire nye veker medan etterforskinga pågår.