Om lag 160.000 passasjerar vil i 2018 kome inn fjorden fordelt på 96 skip, heiter det i ei pressemelding frå Visit Nordfjord.

Årets sesong vart nok eit rekord-år, og 2017 kan skilte med å vere det fjerde året at Olden passerte 100.000 passasjerar på ein og same sesong.

I 2017 hadde indre Nordfjord besøk av 92 skip og.140 000 passasjerar. Olden gjekk heilt til topps i turistane si kåring av beste cruisehamn i Norge og Baltikum, og var i tillegg nominert som ein av tre hamner til tittelen «årets hamn» kåra av cruiserederia og cruisemagasin verda over.