Og alle fekk prøve, både å sitte i førarhuset og lære korleis ein skal gå over vegen når det kjem ein stor bil mot ein.

- Vi må stoppe opp og vinke, og så må sjåføren i bilen vinke tilbake til oss, forklarer Malin Vedvik Hestdal i tredje klasse.

– Kvifor må han vinke tilbake?

- For då har han sett oss!

Barna lærte også at det er svært viktig å halde god avstand til en lastebil eller trailer. Sjåføren sit så høgt oppe at han eller ho ikkje ser folk før dei er godt stykke frå bilen.

Besøket ved vågsøyskulen var eit ledd i kampanjen Venner på veien som Norges Lastebileieres forbund (NLF) no har hatt fleire år på rad, og dei merker at det gir effekt å prøve å nå barna tidleg med bodskapen sin. Målet for kampanjen er å lære barna meir om korleis dei skal oppføre seg rundt store lastebilar i trafikken.

– Mange fleire skular kontakter oss no, når vi har hatt denne kampanjen nokre år, enn i starten, seier Jan-Ove Halsøy som er regionsjef for region 5 i Lastebileierforbundet.

– Mykje av vårt arbeid er førebyggande, målgruppa vår er tidleg skulealder, men vi kan også kome i barnehagar, seier Asgeir Gil, som sit i styret for NLF i fylket, og driv Måløy Container Transport.

Han har stor tru på at slike prosjekt er nyttige.

– Eg er positivt overraska. Barna var veldig lydhøre og flinke. Dei kunne alllereie mykje om ulike skilt, og visste kva dei betydde.

Les heile saka i tysdagsutgåva av Fjordenes Tidende.