Margareth Leivdal og Stadlandet IL er klar for Stadlandet Rett Vest denne helga.

Fjordenes Tidende slo av ein prat med Leivdal for å høyre meir om Stadlandet Rett Vest. Saka stod på trykk i fredagens utgåve av Fjordenes Tidende, der ein kan lese meir om kva som skjer i helga og den komande veka.

– Kva er Stadlandet Rett Vest?

– Det er eit fjelltrimløp som passar for mosjonistar og dei som vil konkurrere. Det er for barn, vaksne, kvinner og menn. Det er eigentleg for alle som kan ta seg ut i naturen og som vil bruke dagen på ein tur eller konkurrere. Og så har vi eit flott samarbeid med Røde Kors Selje som sørgar for tryggleiken, noko vi er veldig glade for.

– Kor går løypa?

– Den går frå Dragseidet på Stad til Ervik på Ytre Stad. Den er 14 kilometer lang og godt merka. Tar ein løypa som tur, går ein innom tre fjellpostar der ein kan skrive seg i bøkene. Så har vi òg ei familieløype på 5 kilometer med quizpostar undervegs. Den går frå grendehuset på Ervik og rundt Ervik-vatnet.

– Korleis starta fjelløpet?

– Det var nokre driftige damer som meinte at vi hadde så flott natur på Stad, og at ein burde bruke den meir aktivt. Idrettslaget tente på ideen og tok det vidare, slik eg har fått historia fortalt. Og sidan har det vore eit årleg arrangement.

– Og dette blir det tiande året?

– Ja, og det vert markert med samarbeidspartnaren Sparebank Vest som bidreg med flotte gåvepremiar som vi trekk på deltakarnummer i år, som ei ekstra jubileumsmarkering. Her blir det festivalpass til Malakoff Rockfestival. Det er vi veldig glad for, og vi er òg glad for det gode samarbeidet med lokale og regionale sponsorar som gjer at vi kan arrangere for tiande år på rad.

– Korleis har interessa vore?

– Sidan vi bur der vi bur, så er det veldig vêravhengig. Vi har hatt snø, regn og sol. Og det er klart at når ein skal vere ein dag på fjellet, så trekker flott vêr meir enn regn og kulde. Det svingar litt, men vi har trufaste deltakarar frå Bremanger og Florø som kjem år etter år, noko vi er veldig glade for. Vi håpar at flest mogleg blir med. Og gjerne fleire damer i konkurranseklassa. Det er mange spreke damer her, så det er berre å melde seg på!

– I år blir det også eit sykkelløp?

– Vi byrja med det i fjor, då vi tenkte at vi skulle utvikle arrangementet vidare. Vi har jo det spesielle Vestkapp-platået. Dei som var med i fjor hadde mykje gode ord. Så i år håpar vi at litt publikum kjem og ser på og at folk blir med å måle kreftene sine og prøve seg. Sykkelløpet er cirka 8 kilometer og går frå St. Svithun kapellet i Ervik til Vestkapp.