Nordfjordingane gjekk ikkje akkurat mann av huse for å oppleve framtidas lokalsjukehus, då det var invitert til open dag onsdag.

– Her har ein kome langt. Om ein har eit enkelt brot i handa får ein hjelp her, seier Andor Smørdal frå Eid, ein av dei som ville sjå kva tilbod som no er bygd for framtida.

Fleire pasientar

Nordfjord sjukehus handsamar langt fleire pasientar enn før, og har også like mange tilsette som før omlegginga.

– Her ved sjukehuset og psykiatrisenteret er det 164 årsverk. Ein frykta at årsverka skulle forsvinne då omstillinga begynte, men det har ikkje skjedd. Vi behandlar også langt fleire pasientar i dag enn for kort tid sidan, seier Holvik.

– Alle tilboda er no oppe og går, og vi har stabil drift. Vi har tett samarbeid med spesialistar i Førde for vurdering av kva pasientar vi skal ta her eller i Førde, fortel Holvik.Sogn og Fjordane er langt framme når det gjeld telemedisin, og på Nordfjordeid vert dette brukt flittig.

– Det er dette som er framtida, seier Holvik.

Under open dag viste ho ein film som er laga om korleis samspelet kan fungere mellom sjukehus på ulike nivå. Her får ein mellom anna høyre om Rolf Holme frå Deknepollen som fekk hjerneslag, og som ved hjelp av telemedisin fekk den behandlinga han trengde raskt.

Dagkirurgi

Dei polikliniske tenestene har blitt styrka på Nordfjordeid etter at Helse Førde la om drifta. Etter planen skal det også vere 60 dagar med dagkirurgi.

I år vert det 66 dagar, og det er allereie planlagt 60 dagar neste år. Elles fekk ein høyre om tverrfagleg eldrepoliklinikk, hjerterehabilitering, dialyse, sengepost for den som treng innlegging, korleis akuttilbodet er organisert, røntgen, laboratoriet, poliklinikkane, God start-eininga for nyfødde, mor og far, rustilbodet og tilbodet til psykisk sjuke.

– Vi skal ha det tilbodet av tenester som nordfjordingar flest oftast har bruk for, fortel Holvik, som meiner ein open dag på sjukehuset er viktig.

– Dei som berre har fått med seg historia om nedbygging av fødeavdeling og kirurgi, lurer på om det er noko igjen av sjukehuset, seier ho.

Satsar på nytt tilbod

– No vert det betre akutthjelp innan psykiske lidingar og rus, fastslår May Kristin Sæther, seksjonsleiar ved Nordfjord Psykiatrisenter.

Oppstart av det nye utviklingsprosjektet skjer 9. november, og då får ein på plass døgnkontinuerleg vakt via legevakta.

Tilbodet omfattar både legevakta ved Nordfjord sjukehus, eit ambulant team ved psykiatrisenteret og kriseplassar ved psykiatrisenteret.Hovudmålet er at kommunane og spesialisttenestene i lag gir eit betre akuttilbod på lokalsjukehusnivå for personar med psykiske lidingar og rusproblem.

Ein ønskjer også at ei samhandling om lokal akutthjelp kan førebyggje unødvendige innleggingar.

Ei arbeidsgruppe har tilrådd at kommunane og Helse Førde i fellesskap bør sikre eit døgnkontinuerleg tilbod som kan gi psykiatrisk og rusfagleg hjelp til dei som treng akutthjelp. Det er ikkje snakk om krisesenger, men at dei som treng hjelp kan ringe og møte personar med kompetanse til å vurdere.

– Den største fordelen er at ein får rett hjelp på nett nivå, og at ein kan sleppe innlegging, når ein får snakke med kvalifisert fagperson, seier Sæther.