Bremangaren Jens Eikeset i 7Fjell Bryggeri er strålande fornøgd med å kunne sende kvalitetsøl til Japan og fleire andre land.

Med sol og sommar i Norge og ti land på eksportlista fortel Jens Eikeset, som opphavleg er frå Bremanger, om travle og trivelege dagar på bryggeriet i Bergen.

– Då sola endeleg kom fram eksploderte det, så no om dagen jobbar vi med å forsyne heile landet med øl, fortel 32-åringen.

Eikeset driv 7Fjell Bryggeri saman med Gahr Smith-Gahrsen. I selskapet har bremangaren rolla som CEO.

Viktig å vise ansikt

I tillegg til å servere øl til nordmenn, har selskapet nyleg begynt å selje til Spania, Portugal og Japan. Eikeset fortel at den største utfordringa er å få besøkt dei nye marknadane.

– Sidan pågangen er så stor blir det ei utfordring å besøke alle dei utanlandske kundane. Det er veldig viktig at bryggeriet har eit ansikt, så vi satsar på å få til ein tur til Japan om ikkje så lenge, seier han.

Han har også vore på ølfestival i Spania, som i tillegg til Italia er det landet der ølsalet har fått best respons. I fjor sommar eksporterte 7Fjell Bryggeri til Italia og Russland. Då fortalde dei også om planane om å nå ut til land som Sverige, England, Finland og Spania i nær framtid.

– Salet veks fortare enn organisasjonen. Plutseleg er vi heilt tom for dei fire bestseljarane. Bestillingane kjem raskt inn, men vi klarer ikkje å levere fordi vi er for populære med tanke på kapasiteten vår, har Eikeset tidlegare uttalt til Fjordenes Tidende.

Stor etterspurnad

Eikeset fortel at dei ikkje har klart å produsere i tråd med etterspurnaden, noko som har resultert i manglande overskot. Derfor har 7 Fjell no investert i heile ni nye gjæringstankar.

– På slutten av fjoråret hadde vi same problem som no, og klarte ikkje å produsere nok, seier Eikeset. Bryggeriet har også fått fire nye tilsette i år, og samla sett har dei no auka kapasiteten med 140 prosent. Til saman er dei 13 tilsette i selskapet.

– Vi håpar og trur at dette vil vere positivt og gje gode resultat i framtida, avsluttar Eikeset på telefon frå Bergen.