Magne Sætren var tre år og hugsar ikkje dagen då Gestapo henta faren Per. Dagen han kom heim har derimot etsa seg i minnet til evig tid.

Øysamfunnet Silda vart i 1942 eit brennpunkt for Gestapo på Vestlandet. Krigen var to år gammal, og motstandsviljen i Norge auka ettersom nazistisk ideologi fekk tydelege og praktiske konsekvensar for folk. Ein partisanhær mot tyskarane reiste seg i landet.

Våpenlaster frå vest kryssa Nordsjøen, og la til lands i ly av nattemørkeret. Vart deretter lossa i avsides bygder og tekne hand om av lokale folk som gøymde utstyret vekk. Fleire på Silda var involvert i våpensmugling og hjelpte flyktningar som måtte komme seg over Nordsjøen. Det fekk konsekvensar.

Den 8. juni 1942 kom gestaposkøyta til Silda. Magne Sætren fortel:

– Mons R. Silden eigde båten Forsøk med seisnurpe. Dei fekk spørsmål frå motstandsmannen Ivar Solheim i Vetvika om dei kunne komme sørover og ta om bord ammunisjon og frakte den nordover. Dette vart avtala. Forsøk var kommen attende til Silda og låg ved kaia nedfor buda og fem av mannskapet sat i sola og bøtte not. Seinota på dekket og kaia kamuflerte ammunisjonen i rommet. Gestaposkøyta kom inn på hamna. Dei kravde nota fjerna, og under låg våpen og ammunisjon.

– Alle fem som var om bord vart arresterte, kontant. Ein av dei var far min, Per Sætren. Ingen fekk gå heimom for å hente nokon ting. Ikkje seie farvel. Ingen ting. Vart berre tekne rett frå båten og om bord i gestaposkøyta, seier MagneHan vert engasjert når han fortel. Faren måtte forlate einaste sonen, på tre år. Det var barske forhold.

Dei arresterte var brørne Rasmus, Andor og Mons Silden. Så Marius Silden og Per Sætren.På reisa til Tyskland vart det stopp på Ulven og Grini. Der kom karane frå Silda i lag med folk frå Telavåg. Seinare vart dei lasta om bord i fangeskipet Donau som sette kurs for tysk hamn og Sachsenhausen. Der sat dei til krigen slutta i mai 1945. Magne har klåre minne frå då faren kom heim då freden var eit faktum.

– Ja, eg hugsar godt då han kom heim. Eg kjende han ikkje att, ettersom eg knapt hugsa han før han drog. Det er vanskelege minne som kjem fram:

– I Tyskland vart far torturert. Og du skulle sett kor han såg ut då han kom heim. Slik var det med dei andre fire òg. Eg vert enno i dag heilt nedfor når eg tenkjer på det. Som liten gut såg eg det der, når han kledde av seg, store hol i armane og føtene sine etter tortur.

Magne tek ein pause for å finne att stemma, få ro til å snakke nokon lunde stødig. På sekund kjem krigen med sine redsler og pinsler nær. Ein mann hugsar far sin på tunet 70 år attende, der ein liten gut oppfatta at noko frykteleg hadde skjedd.

– Han var heilt ferdig. Han var ein mann på kring 80 kilo då dei for med han. Og kom heim avmagra, 42 kg. Det var ikkje berre han. Dissa tre syskenborna mine, Mons, Andor og Rasmus var på same måten.

Ifølgje Magne var faren prega av krigsopplevingane livet ut:

– Alle frå Silda kom heim att. Men det var som nervebuntar. Resten av livet var far prega av opplevingane i Sachsenhausen. Han gjekk med diare i ti år etterpå. Dei åt berre gras og slikt i fangeleiren. Hadde ikkje skikkeleg mat. Det er ingenting å prøve å skjule, han far greidde aldri å gløyme det han opplevde i Tyskland. Han greidde aldri å gløyme. Han greidde aldri å tilgje tyskarane for det der. Aldri. Men dei siste åtte-ti åra hadde han det godt. Han vart 77 år, han levde fem veker etter leverkreften braut ut.