Fylkesmannen godkjenner ikkje Bremanger kommune sitt årsbudsjett for 2015 og økonomiplanen for 2015 til 2018.

Det vert mellom anna vist til at kommunen har budsjettert med 17,5 millionar kroner i inntekter frå tilbakebetaling av opsjonspremie. Denne inntekta vart også bokført i 2006/07, og er såleis dobbelt inntektsført i driftsbudsjettet.

Ei anna årsak er at kommunen vil bruke utbytte frå eit planlagt oppretta eigarselskap til drifta av tenestene. Fylkesmannen påpeiker at selskapet ikkje er oppretta, og at ein dermed manglar viktig informasjon. Etter regelverket er det fleire ting her som ikkje er lovleg. Bremanger er registrert i Robek-registeret, og difor skal Fylkesmannen føre kontroll og godkjenne budsjett og låneopptak.