Namn:Hogne Bleie
Parti:Vågsøy Frp
Alder:48 år
Bustad:Bryggja
Yrke:regionleder i legemiddelfirmaet MSD Animal Health

– Vi ønsker meir makt frå byråkratiet til dei folkevalde og folket. Kommunestyret skal bestemme på vegner av veljarane og ikkje styrast av leiinga i kommunen, er Hogne Bleie sitt klare svar på kva som blir deira fokusområde den neste kommunestyreperioden.

Han vil ha strukturendringar i kommuneleiinga og vil bort frå «dagens flate struktur».

– Ordføraren skal vere folket og dei folkevalde sin ombodsmann og talerøyr inn til kommunen, og ikkje opptre som ein del av administrasjonen, seier Hogne Bleie.

Han viser òg til at Vågsøy Frp har gode forbindingar inn til regjeringsapparatet og dei vil ved hjelp av desse bidra til framgang i prosjekt som Kystvegen og Stad skipstunnel.

Vågsøy Frp meiner òg at Vågsøy, som ein av fylket sine mest folkerike kommunar, må vere i førarsetet i prosessane med kommunesamanslåing, og at det er ordføraren med støtte frå formannskapet som skal leie slike politiske prosessar – ikkje administrasjonen.

– Vi ønsker ein slagkraftig kystkommune, der ein har ei felles historie, lik kultur og eit næringsliv knytt til virke ved og på sjøen, seier Bleie.

Av andre viktige saker for partiet kan ein nemne ein uforandra skulestruktur, tilbod til dei unge som ønskjer utradisjonelle aktivitetar som motorsport, samt ein parallel bilvegtunnel ved Stad skipstunnel.